Pericle den Svarte

Pericle den Svarte er ein noir frå den sleipe brusteinen i hjartet av Napoli, og vart ein bestseljar då den kom ut, først i Frankrike (1993), så i Italia (Adelphi 1998). Rå og til tider bestialsk, men ikkje pulp; flådd for kjensler og utanomsnakk, dialogdriven med ei stram historie og ein lite tiltalande hovudperson som går lei av å vere eit simpelt beist, og gjer det ein må gjere, for sjølv å kunne kommandere. 

Dette er også ei historie som gravlegg mange glorifiserande mytar om den mafiose mobben, og er slik del av ein ny litterær giv blant unge napolitanske forfattarar, som på ulikt vis tek opp dei sosiale tilhøva i denne kaotiske havnbyen (prega av den parallelle marknaden sitt grep både om trettenåringars dopvaner og om kinesisk konteinartransport til resten av Europa). Blant desse forfattarane finn ein mellom anna Roberto Saviano med doku-romanen Gomorra (2006), og Valeria Parrella som skildrar kvinneliv i byen med dei vulkanske innvollane.

Giuseppe Ferrandino (Napoli, Ischia 1958), opprinneleg teikneserieforfattar, har sidan 1998 gitt ut fleire bøker, og er i haust aktuell med romanen Spada på Mondadori forlag. Pericle den Svarte kjem på Baskerville forlag våren 2008.     

Replikk presenterer et utdrag fra ”Pericle den Svarte”, oversatt til norsk av Kristin Sørdal.

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar