Manuslokkar Replikk #40: ARV

Manuslokkar Replikk” #40

Replikk” er blitt vaksen. 20 år og 40 utgjevingar er noko å feire! Vi gjer det ved å sjå både bakover og framover i tid: Tema for jubileumsnummeret er ARV.

Når vi arvar tek vi med oss noko vidare. Ofte er det noko vi sett pris på. Kulturarven inneheld ikkje berre heile spekteret av kunst, arkitektur og gjenstandar som seier noko om historia vår. Også språk, tradisjonar, musikk og praktisk dugleik høyrer med til denne skatten, den immaterielle kulturarven. Det er likevel ikkje alt ein arvar som ein bør vere stolt av. Handsaminga av samane og deira måte å leve på er ei arv vi må hugse fordi ho viser fram kritikkverdige sider av framferda både til dei norske styresmaktene og folk fest.

Også økonomisk arv kan vere tviegga, anten ein arvar verdiar eller skuld. At arv sjeldan er noko ein kan fri seg frå, vitnar kroppane våre om. Forsking på genar har vist at vår eiga helse heng tett saman med det livet forforeldra våre levde. Det tyder òg at dine val vil påverke dei som kjem etter deg. Ikkje minst gjeld dette den planeten vi gjev vidare til dei komande generasjonane.

Brenn du inne med ein idé eller ein tekst som kan passe til temaet arv?
Vi legg vekt på å gje plass til unge skribentar, men slepp òg til meir erfarne forfattarar. Alle innsendte tekstar vil få seriøs skrifleg tilbakemelding frå redaksjonen. Dei tekstane som blir valde ut til publisering vil bli handsama grundig, og forfattarane vil få innspel på både form og innhald.

FRIST FOR FØRSTEUTKAST: 1. SEPTEMBER 2015

Kontakt redaksjonen dersom du kan tenke deg å bidra: replikk@uib.no.
For retningslinjer for tekstbidrag, sjå nettsidene våre: replikk.w.uib.no