Stikkord: spill


Manuslokkar Replikk #39, tema: SPEL

Manuslokkar REPLIKK” #39 (PDF)

TEMA: SPEL

Kva er det som står på spel? Kvifor skal du lese nett denne teksten? Jo, kanskje er det nett du som skriv for Replikk i neste nummer? Du treng berre opne auga litt ekstra og sjå at det finst spel på alle kantar.

Det er lagspel, samspel, dataspel, det spelet du må spele for å vinne realityprogram på tv, men òg spelet for galleriet både på og utanfor teaterscena. Det er vinnarar og taparar, det er guten som vinn jenta og det er storgamblaren som atter ein gong tek bussen til travparken.

Spelteorien prøver å forstå kva som skjer når fleire menneske eller bedrifter påverkar kvarandre. Er spelet verkeleg forklaringa på livet?

Kan spelteori til dømes forklare gleda ein kan oppleve av å spele musikk? Eller fordjupe seg i andre kulturopplevingar?

Temaet for Replikk #39 er spel.

 

Vi legg vekt på å gje plass til unge skribentar, men slepp òg til meir erfarne forfattarar. Alle innsendte tekstar vil få seriøs skriftleg tilbakemelding frå redaksjonen. Dei tekstane som vert valde ut til publisering vil verte handsama grundig, og forfattarane vil få innspel på både form og innhald.

 

Kontakt redaksjonen dersom du kan tenke deg å bidra: replikk@uib.no.

FRIST FOR FØRSTEUTKAST: 15. FEBRUAR 2015

Retningslinjer for tekstbidrag