Tendens: Hendene ved hjartet

Av Torodd Kinn, professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Bergen.


Opprinnelig publisert i Replikk nr. 48: 2010-tallet. 


VG, 2. september 2019: Finansminister Siv Jensen ropar opp om snikislamisering (igjen). Kva er det no som har hendt?

Stortinget, 22. august 2019: Den iranske utanriksministeren er på besøk. Han handhelser på mannlege norske politikarar, men ikkje kvinnelege. Bilde i media viser ein mann som held begge hendene mot brystet, ved hjartet, og smiler til leiaren for utanrikskomitéen. Ho utfører smilande den same gesten. Slik Siv Jensen uttrykkjer det, «ble ikke komitéleder Anniken Huitfeldt verdiget et håndtrykk». «Snikislamisering», fastslår Jensen.

Same dag ved Al-Noor Islamic Centre i Bærum: Kronprins Haakon er på besøk etter eit terroråtak. Han handhelser på dei fleste, men så hender det at ei kvinne ikkje tek imot handa hans, men helser med hendene ved hjartet. To andre kvinner helser på same vis. Kronprinsen møter episoden med fatning. «Snikislamisering», seier Jensen. «I Norge hilser menn og kvinner på hverandre, punktum.» Men iranaren og kvinnene i moskéen helste då? Jo, men somme muslimar tillèt ikkje helsing med kroppskontakt mellom kvinne og mann. Dette er framand religiøs praksis her i Noreg, og Jensen meiner det viser mangel på kjønnslikestilling.

Jo visst: Fleire former for islam har både kvinnefiendtlege og umenneskelege trekk. Men er hendene ved hjartet ein trussel mot norsk kultur? Verre enn hiphop? Ville hendene ved hjartet vere eit tilbakesteg for norske kvinner? Meir øydeleggande enn høghæla sko? Muslimar helser med ulike gestar rundt omkring i verda. Gesten er gjerne kombinert med orda «As-salamu ‘alaikum», arabisk for ‘Fred vere med deg’. Ønsket er i botnen religiøst, men verken kristne eller ateistar er vel imot fred?

Salig Ivar Aasen fortel korleis ein helste på Vestlandet på 1800-talet. Når du kom inn i eit rom, sa du «Guds fred!» Så gjekk du rundt, tok kvar enkelt i handa og sa «God dag», og den enkelte svarte «Gud signe deg!» Etter den tid har vi blitt sekulariserte, både snik- og openlyst.

I den vestlege verda har handhelsing blitt vanleg. Handslaget er eit symbol på samhald. Men somme brukar det til å demonstrere eigen styrke. Vi hugsar flaue scener med ein president som brukte neven som supermakt. I Japan helser ein tradisjonelt ved å bukke. Hoftebøy, rett rygg, hendene ned langs sida, blikket mot bakken. Vestlege politikarar og forretningsfolk som kjem til Japan har ikkje alltid teken på dette, så japanarane har begynt å handhelse på utlendingar. Høyrer vi finansminister Aso Taro frese om snikoksidentalisering?

Når vi tenkjer oss om: Er det sånn stas å handhelse? Kalde handtrykk, slappe handtrykk, sveitte handtrykk? Om kvinner, menn og andre her til lands skulle få sans for å helse med hendene ved hjartet, skulle ikkje eg sørgje. Eg blir ikkje konvertert av nokre armrørsler.

La meg berre sleppe å «faire la bise» på fransk vis. Smask i lufta, ikkje på kjaken. Først til venstre, så til høgre … Eller omvendt? Og så til venstre igjen? Nei? Snikkontinentalisering! Handa på hjartet: Gi meg heller ein klem!


Torodd Kinn er professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Bergen. Han forsker og underviser mest i grammatikk, semantikk og språkendring. Men han har òg forska på personnavn, vitenskapelige tekster og norsk som andrespråk.

 

Scroll to Top